I januar var Marianne Nystad tre veker i Tanzania og besøkte familiar der foreldra er døde av Aids, og bestemødrene sit att med ansvaret for barnebarna.
På bildet ser de ein foreldrelaus gutt i som viser oss at han er flink til å telle. Han ønsker seg sunn mat, utdanning og eit verdig liv. Og det kan han få – fordi mange i Norge fortsatt er sikre på at vi menneske har det best, når vi hjelper kvarandre.
Marianne vil vise bilder, fortelle historier og vise nokre av resultata som prosjektet Bibi to Bibi, Bestemor i Norge til Bestemor i Tanzania, klarer å få til.
Det er den mest lærerike – og i desse tider positive - turen eg nokon gong har vore på
Dette er ei bestemor som har klart å ta vare på 4 barnebarn gjennom heile barndommen. Men no er ho gammal og sjuk, og ungdommane kan ikkje få utdanning utan pangar til å betale for skulegangen. No har to av dei nettopp starta på rørleggar og elektirkarutdanning - fordi dei får støtte m.a. frå to bestemødre i Tingvoll.
Det blir salg av kaffe og kake fra kafeen i økoparken.