Hovedbilde Hovedbilde

Frå undring til begeistring

Frå undring til begeistring

Tingvoll Økopark er eit jordnært kompetansesenter med blikket mot framtida. Fokusområda våre er berekraftig utvikling, fornybar energi, økologisk landbruk og dyrevelferd.

Gjennom ulike attraksjonar og aktivitetar kan du ta del i denne kunnskapen som er satt saman av forskarar og fagfolk som arbeider med å finna gode løysingar for samfunnet og naturen rundt oss. Velkommen til inspirerande og lærerike opplevingar i Økoparken!

Tingvoll Okopark 2


Vi tar imot besøk av mange ulike grupper til formdlingsopplegg, møte og andre arrangement. Kaféen er open i samband med ulike arrangement og aktivitetar.

Vil din skuleklasse, arbeidsplass eller foreining besøka oss? Ta kontakt for eit tilbod!

Tingvoll Okopark 1

Økologisk landbruk

Dyrevelferd

Fornybar energi

Kva kan du oppleva i Økoparken

IMG 4698

Observasjonsbikuben

Bli med heilt inn til biene i observasjonsbikuben! Her kan du besøka ein ekte bikube utan å forstyrra biene. I det sekskanta huset er lyset slik at biene ikkje merkar det. I glaskuben inne i huset er biene i full aktivitet og flyg inn og ut gjennom låveveggen som dei sjølve vil, nett som i ein vanleg kube. Du kan observera biene gjennom glaset frå alle kantar – også nedanfrå, om du tør!

På ein skjerm på utsida kan du gå tettare på ved å velja ulike vinklar. I ein titteboks kan du erfara korleis biene ser blomstrar – det er nemleg ikkje heilt på same måten som slik vi ser dei…

Reisenijorda

Reisen i jorda

Oppdag meitemarkens rike! Gjennom fem etasjar blir du teken med frå mikroorganismane og nedbrytarane djupt inne i jorda til plantane og insekta på toppen. Utstillinga er den første attraksjonen i Økoparken og ein viktig kjerne i formidlinga vår. Her får du innsikt i alt det som rører seg under skoen din, og korleis samarbeidet og dramatikken djupt nede i jorda skapar livsgrunnlaget som vi alle er avhengige av.

Stjernehagen

Sjernehagen

Stjernehagen er vår økologisk godkjende demonstrasjonshage som har vore brukt i formidling i ei årrekke, mellom anna som skulehage. Hagen blir drifta av NORSØK. På besøk i Økoparken kan du utforska hagen gjennom Sommarfuglløypa. Oppdag alt som finst i Stjernehagen og lær om FNs berekraftsmål for naturmangfald.

Energilaben

Energilaben

I Energilaben i Sol & bioenergisenteret kan du læra om kva som lagar energi, besøka utstillinga om el-tryggleik og prøva sjølv i ulike stasjonar. Vi har ei eiga avdeling om energiproduksjon i Møre og Romsdal.

Fuglekikkeskjulet

Fuglekikkeskjulet

Besøk Fuglekikkeskjulet, ein liten rusletur i ytre del av området vårt. Her kan du nyta ei roleg stund og speida etter fugl med kikkerten som er til låns. På vegen bort finn du ein natursti med postar som du finn svar på inne i skjulet. Dei flotte fotografia er tekne av fotograf Jan Rabben.

Fuglekikkeskjulet er ei gåve frå Tingvoll gards venner med støtte frå Sparebankstiftelsen.

Denmagiskejorda

Den magiske jorda

Den beste hage- og dyrkingsjorda lagar du sjølv! Lær om ulike komposteringsmetodar i praksis. Vi har mange stasjonar på området. Kva kan ein ha i komposten, og korleis brukar ein jorda?

Gjennom året tilbyd vi fleire kurs i kompostering i samarbeid med NORSØK, der du kan læra meir.

Besøk oss i parken

Opningstider

Vi har ope for publikum mellom 01. juli og 06.august. Stengt sundag og mandag.

Tysdag – fredag (Mellom 1.juli og 6.august) kl. 10-16
Laurdag (Mellom 1.juli og 6.august) kl. 11-17
Søndag og mandag stengt.

Program

11

Senter for bærekraftig areal- og naturforvaltning

Senter for berekraftig areal og naturforvaltning (SEBAN) starta opp i 2021 og er ein tverrfagleg, vitenskapelig institusjon som bygger på dei etablerte fagmiljøa på Tingvoll gard.


Kommunane får stadig meir ansvar for å forvalte våre felles naturressursar, og dei er svært varierte både i natur og demografi. Om ein skal få til berekraftig forvaltning i eit slikt komplisert landskap, så krevast kunnskap og kapasitet som mange kommunar ikkje har eller slit med å få tak i. SEBAN er ein tverrfaglig, vitenskapelig institusjon som jobber sammen med kommunene for å skape bærekraftig forvaltning av areal- og naturressursene.

Partnarane i satsinga er Miljøfaglig utreding, NIBIO og NORSØK. Satsinga er finansiert av Mr fylke, SBM og NEAS.

Les meir på senterets eigne heimesider!


Løfte

Ta kontakt med oss

Ansatte

Lurar du på noko?

Er du interessert i å lesa om forskingsresultat og finna gode råd til økologisk hage og jordbruk? Besøk agropub.no

Ønskjer du tips og råd innan økologisk landbruk? Kontakt Norsk Landbruksrådgivning på nlr.no

Lurar du på Norsk Senter for Økologisk Landbruk (NORSØK) eller Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) arbeider med om dagen? Sjå norsok.no eller nibio.no

Finn fram