SOMMARSESONGEN

SOMMAREN I TINGVOLL ØKOPARK ER FOR HEILE FAMILIEN!

Opningstidene er tysdag til fredag kl. 10-16 og laurdag kl. 11-17.
Sundag og måndag er det stengd.

Vi har daglege omvisingar:

Tysdag-fredag:
11.00 og 14.30: Ute hjå dyra og i Stjernehagen
12.30: Inne i Reisen i jorda
Ved førespurnad: Energiverkstaden

Laurdagar:
12.00 og 15.30: Ute hjå dyra og i Stjernehagen
13.30: Inne i Reisen i jorda
Ved førespurnad: Energiverkstaden

 

På sommarprogrammet finn du:

  • “Økobonde for ein dag” på tysdagar og onsdagar (5-12 år)
  • Økolab – dagsommarleir veke 27 (7-12 år)
  • Matinékonsertar på utvalde laurdagar
  • Daglege omvisingar til faste tider
  • Barselkafé
  • Aktivitetslaurdagar
  • Temadagar
  • Kafé og butikk i heile opningstida

På uteområdet møter du ville kaninar og kosete grisar, søte lam og kaklete høns – og mange andre dyr. Du kan rusla langs bugnande bed og i den duftande Stjernehagen, nye leikeplassar og gode, gamle klatreparken – med nye tømmerstokkar. Vi har ny kafémeny med økoblings, sommarens supper og søte saker, og sjølvsagt har vi økologisk iskrem.

Har du planlagt din #tingvollsommar?

Følg med på sommarprogrammet på www.facebook.com/okoparken!

ØKOBONDE FOR EIN DAG: Tysdag og onsdag kan ungar i alderen 5-12 år vera økobonde for ein dag. Opplegget er frå kl. 10-14. Vil de sikra dykk plass, er det lurt å melda seg på på førehand. Sjå meir info om påmelding og prisar under Økobonde-sida.

 

SOMMARPROGRAM Plakat del 2: Sommaren i Tingvoll Økopark byd på eit variert program!