Program

Ope alle dagar utanom måndagar – velkomne til oppdaging, leik og kunnskap!

I år har vi færre større arrangement i løpet av sommaren, men vi fokuserer på eit godt grunntilbod. Oppdag naturmangfaldet i våre nye kunnskapsløyper, kom heilt nært innpå våre viktige pollinatorar i Observasjonsbikuben, bli med på eksperiment i Energilaben, oppdag nye element i Reisen i jorda, leik i klatreparken, køyr traktorar og leik i miniatyrgarden på gardsplassen, prøv Sansestien og hopp i halmen på låven – og sjølvsagt: bli med inn til dyra!

Velkomne til omvisingar og aktivitetstilbod frå midten av juni og ut august!

Opningstidene vil vera tysdag til fredag kl. 10-16 og laurdag til sundag kl. 11-17. Måndag vil det vera stengd.

 

På sommarprogrammet finn du:

  • Daglege omvisingar og aktivitetar til faste tider
  • “Økobonde for ein dag” (5-12 år)
  • Økolab – sommarskule for ungar
  • Matinékonsertar på utvalde laurdagar
  • Barselkafé
  • Kafé og butikk i heile opningstida

På uteområdet kan du bli betre kjend med kaninar, grisar, sauer, geiter, hestar og høns. Du kan gå på oppdagingsferd i Stjernehagen, utfordra liten og stor i klatreparken, gå i sansestien og mykje meir. Vi har sommarmeny i kaféen med økoblings, sommarens supper og søte saker, og sjølvsagt har vi økologisk iskrem.

Har du planlagt din #tingvollsommar?

Følg med på sommarprogrammet på www.facebook.com/okoparken!

FØLG ÅRET I TINGVOLL ØKOPARK

I løpet av året kan du få med deg dette:

  • Familieaktivitetar: Familiedisco, lese- og undringsstund, natursti m.m.
  • Verkstader: Etter skuletid tilbyd vi verkstader på utvalde ettermiddagar, i hyttebygging, hobbyverkstad med råvarer frå naturen, omattskaping (re-design) m.m.
  • Barselkafé kvar fredag 11-13. Eit ope tilbod for deg som er heime med barn. Det er sjølvsagt lov å bli lenger enn oppsett tid. Vi har god plass til vogner inne, stellebord og sofaer til amming.
  • Kurs: I samarbeid med NORSØK presenterer vi ulike kurs gjennom året, t.d. i konservering av frukt og bær. Eiga kursavgift.
  • Konsertar: Gjennom året kan du oppleva konsertar på ulike stader i Økoparken, både ute og inne. Vi inviterer alt frå klassiske musikarar til rockeband, dei fleste frå vårt eige nærområde.
  • Teater: Økoparken får innimellom besøk av Teatret Vårt og andre.
  • Årstidsarrangement: Kjøkkenhagedag, Julemarknad osb.
  • Økobonde: Ettermiddagstilbod for ungar i alderen 6-12 år, 2-3 timar. Inkludert enkelt måltid. Kr 150,- per gong (fyrste gongen får ein t-skjorte) eller kr 550,- for 4 gonger.
  • Økolab – ferietilbod for ungar (blir ikkje arrangert sommaren 2021)
  • Open økokafé med butikkhjørne kvar fredag og sundag. På menyen finn du som oftast suppe etter sesong, ein type økoblings, ein salat og noko søtt – ofte heimebakte kanelsnurrar. Butikken har fokus på kortreist og lokalprodusert, økologisk og zero waste.

 

Kva ser du fram til i #åretiøkoparken?

Følg programmet på www.facebook.com/okoparken!

STJERNEHAGEN: Tid for hausting.