VELKOMNE TIL ØKOLAB

– TINGVOLL ØKOPARKS SOMMARTILBOD FOR UNGAR!

Opningsveka i Tingvoll Økopark er tileigna ungane: Vi ønskjer velkommen til Økolab 29. juni-3. juli!

PRAKTISK INFORMASJON

Økolab vert arrangert i veke 27: Måndag 29. juni – fredag 3. juli, kl. 09.00-15.00. Tilbodet er ope for alle ungar som skal opp i 2.-7. klasse til hausten, same kva kommune du bur i.
NB! Desse dagane er det ikkje vanlege opningstider eller omvisingar!

Økolab er ein “dag-sommarleir” med aktivitetar og god tid utan mas. I fem dagar har vi fokus på læring gjennom å ha det gøy: vi leikar, utforskar og eksperimenterer. Og så er det ferie, så litt bading og is må til!

Dyrevenn, Urtelab og Energilab:
I løpet av veka gjennomfører deltakarane eit prosjekt. Deltakarane kan velja mellom tre fagfelt. Ein kan velja å ta Dyrevelferd-sertifikat og bli dyreekspert, i Energilaben forskar ein på energi og blir energiekspert, i Urtelaben brukar ein urter til å laga både spiselege og ikkje-spiselege produkt – og blir urteekspert.

Alle som deltek får:
– T-skjorte
– kurshefte
– eige forskarutstyr
– kursdiplom
– sitt eige re-designa/omattskapte verk

Både deltakarar og føresette må setja seg inn i smitteverntiltaka vi følgjer. Info om dette i brevet til dei påmelde. Deltakarane har t.d. med seg eigen matpakke, men vi supplerer med yoghurt/smoothie og frukt.

KVA KOSTAR DET?

Ordinær pris kr 2900,- Med støtte frå Sparebanken Møre, har vi senka prisen til kr 1500,-
Søskenrabatt for søsken nr. 2 osb.: kr 1200,-

PÅMELDING

Påmeldingsfrist: Onsdag 24. juni. Send påmelding til post@okoparken.no med følgjande info:

NAMN på barnet
ALDER + KLASSETRINN frå hausten av
FØRESETT sitt namn
TELEFON og E-POST til føresette

Påmeldinga er bindande. Det er plass til om lag 18 deltakarar, alt etter kva aldersgrupper som melder seg på.

Vi har høve til å tilpassa opplegget ut frå kva alderen på dei påmelde deltakarane, så programmet er med atterhald om små justeringar. Påmeldingsfrist: Onsdag 24. juni.

 

BONDE FOR EIN DAG

Det er avgrensa med plassar på Økolab. Men vi minner om at det gjennom heile sommaren vil vera mogleg å ta del i «Bonde for ein dag». Dette tilbodet har vi lagt til tysdagar gjennom heile sommarprogrammet.

Timeplan ØKOLAB: Økolab er for ungar i alderen 7-12 år.