Økobonde for ein dag

Bli betre kjend med dyra!

Kvar tysdag og onsdag gjennom heile sommaren kan ungar i alderen 5-12 år oppleva å vera “Økobonde for ein dag”.

Arbeidsdagen til minibonden i Økoparken er frå 10-14. Bonden held orden på garden og det som blir dyrka, gir mat til dyra, steller for dei og ser til at dei har det bra. Og nokre gonger må ein køyra traktor… T-skjorte og lunsj er inkludert i prisen på kr 295,-

Pga. smittevern, har vi ikkje utlån av kjeledressar i år, så ta på klede som toler litt møkk. 😉

Økobonden har også tilgang til dei andre attraksjonane i Økoparken den aktuelle dagen, som utstillinga Reisen i jorda og omvising i energiverkstaden.

For dei minste borna er det mogleg å velja halv dag (2 timar) til valfritt tidsrom mellom 10 og 14, til kr 195,-

Send gjerne påmelding på førehand dersom de vil vera sikre på å få plass. For å ta omsyn til dyra, må vi ha ei avgrensing på plassar, men vi vil gjerne vera fleksible så langt det er råd.

Påmelding til post@okoparken.no:
ØNSKT DATO for Økobonde for ein dag
NAMN på barnet
ALDER
NAMN på føresette
ADRESSE
E-POST og TELEFON til føresette

Økobonde for ein dag: Få ein dag saman med dyra og lær om kva dei treng for å ha det bra.