ÅRET I ØKOPARKEN

FØLG ÅRET I TINGVOLL ØKOPARK

HAUSTPROGRAMMET:
Vi har ei rekke arrangement og kurs på utvalde datoar. Førebels har vi ikkje open kafé på helg i haust, men vi arbeider med nye opningstider for publikum. Vi tilbyd omvisingar og lunsjservering på bestilling til grupper på kvardagar.

I haust kan du få med deg dette:

  • Økobonde: Ettermiddagstilbod for ungar i alderen 6-12 år, 2-3 timar. Inkludert enkelt måltid. Kr 150,- per gong (fyrste gongen får ein t-skjorte) eller kr 550,- for 4 gonger.
  • Økolab – haustferietilbod i veke 41 (meir info kjem)
  • Barselkafé kvar fredag 11-13. Eit ope tilbod for deg som er heime med barn. Det er sjølvsagt lov å bli lenger enn oppsett tid. Vi har god plass til vogner inne, stellebord og sofaer til amming.
  • Familieaktivitetar: Familiedisco, lese- og undringsstund, natursti m.m.
  • Verkstader: Etter skuletid tilbyd vi verkstader på utvalde ettermiddagar, i hyttebygging, hobbyverkstad med råvarer frå naturen, omattskaping (re-design) m.m.
  • Kurs: I samarbeid med NORSØK presenterer vi ulike kurs gjennom året, t.d. i konservering av frukt og bær. Eiga kursavgift.
  • Konsertar: Gjennom året kan du oppleva konsertar på ulike stader i Økoparken, både ute og inne. Vi inviterer alt frå klassiske musikarar til rockeband, dei fleste frå vårt eige nærområde.
  • Teater: Økoparken får innimellom besøk av Teatret Vårt og andre, og vi samarbeider med Tingvoll Kulturskole.
  • Årstidsarrangement: Halloween, julemarknad osb.
  • Open økokafé med butikkhjørne kvar fredag og sundag. På menyen finn du alltid ei suppe, ein type økoblings, ein salat og noko søtt – ofte heimebakte kanelsnurrar. Butikken har fokus på kortreist og lokalprodusert, økologisk og zero waste.

 

Kva ser du fram til i #åretiøkoparken?

Følg haustprogrammet på www.facebook.com/okoparken!

STJERNEHAGEN: Tid for hausting.