Besøk Økoparken

Tingvoll Økopark er ein jordnær opplevingspark med blikket mot framtida. Her kan born og vaksne læra om det som gir oss livsgrunnlag – og om kvar maten kjem frå: Vi ønskjer velkommen til Meitemarkens rike. Her bur meitemarken Metrus, som gjerne inviterer deg med på ei reise både langt ned i jorda og i solskinnet – eller regnet, der dyra beitar og det veks alt mogleg spanande og gjerne spiseleg.

Frå storlåve til opplevingssenter

Økoparken er ein del av Tingvoll gard. Den tradisjonsrike landbruksjorda her er skild ut frå prestegarden. Her har det vore dyrka heilt sidan slutten av 1100-talet. Den gamle storlåven på 1800 m² vart i 2017 forvandla til eit moderne læringssenter. Utstillinga «Reisen i jorda» strekkjer seg over fem etasjar, der du kan gå djupare og djupare ned i jorda – eller du kan starta i djupet og jobba deg oppover til epletreet på toppen. Her kan du oppdaga både fakta og finurlege økosystem på morosame måtar. I løpet av reisa kjem du til både Meitemarkteater, Liggekino, Titteskapsbikube og Faktaspelet.

På toppen av låven vil det i løpet av året dukka opp temautstillingar, konsertar og andre arrangement. Innimellom vert det òg spelt dokketeater her.

I første etasje finner du Kafé Frau og økobutikken.

Gardsliv

Økoparken er ein del av ein gard. Det er heile tida noko som må gjerast, og det skjer heile tida noko nytt: Kaninungar vert fødde, plantene veks og endrar seg dag for dag, vi snikrar og byggjer, slår gras og held i orden, og vi finn på nye ting. Fokuset vårt ligg i å oppdaga verdien og tydinga av det vi har rett rundt oss. Her kjem vi nært på dyra, her kan vi forstå korleis naturen heng saman.

Kompetansjemiljøet som held til i det gule kontorbygget, forskar på korleis ein kan driva jorda og halda husdyr på måtar som gagnar miljøet og klimaet. I Økoparken har vi ein del av dei dyra som er med på å halda kulturlandskapet i hevd. Ein del av dei er norske husdyrrasar som er i ferd med å forsvinna. Her kan du besøka trønderkanin, grå trøndersau, jærhøns og av og til går dølahesten på beite her. Vi har grisane Lotta & Kuling, to geiter, kopplam og endå nokre kaninar, høns og hane.

På sommarstid kan ein bli med og stella dyra som Økobonde for ein dag. Sjå meir info om det her.

Oppdagingar for store og små

Vi tilbyr daglege omvisingar både ute hjå dyra og i Stjernehagen, og i Reisen i jorda og i Energiverkstaden. Ein kan også gå på oppdagingsferd på eiga hand. Stjernehagen passer ypparleg til ei roleg stund på benken ved det klukkande vatnet. For dei meir aktive, har vi naturleikeplass med klatreløype i trea mellom innhegningane. Vi utviklar stadig området, så nye leikeplassar og boltreområde for dei minste vil dukka opp utover sommaren og hausten.

Velkommen til Økoparken!

Følg oss på Facebook

Skolehagen

Skolehagen er en unik undervisningsarena for å gi elever impulser til å bli glad i naturen, respektere alt levende og få innsikt i økologiske sammenhenger. Kanskje du så serien som gikk fra skolehagen i “Grønn glede” på NRK for noen år siden? Det var fra skolehagen til Tingvoll barne- og ungdomsskole som ligger her i Økoparken. Norsk senter for økologisk landbruk har en omfattende aktivitet på skolehagepedagogikk og aktivitetene i skolehagen er knyttet opp mot dette.

Gå til www.skolehagen.no for å lese mer om skolehagen.

Se innslag om skolehagen i NRK sin serie Grønn glede.

Barn skreller gulrøtter

Stjernehagen

Stjernehagen er en demonstrasjonshage for småhagebrukere. I hagen får du tips og veiledning om hvordan grønnsaker, urter og bær kan dyrkes på en økologisk forsvarlig måte. Vi ønsker å gi inspirasjon til bruk av nyttevekster i hagene og vise hvordan pryd og nytte kan forenes. En hage vil alltid få et personlig preg, og Stjernehagen er derfor ikke en fasit på hvordan en økologisk hage skal formes – den skal være en idébank og inspirasjonskilde.

Les mer om Stjernehagen.

 

Ansikt av salat

Tingvoll sol- og bioenergisenter

Tingvoll sol og bioenergisenter er et kompetansesenter som skal arbeide for å øke kunnskapen om sol- og bioenergi. Senteret er ett av tre senter for fornybar energi som Møre og Romsdal fylkeskommune har satsa på. Dei to andre sentra er på Smøla (vindenergi) og Runde (havenergi).

Gå til Tingvoll sol- og bioenergisenter for å lese mer om sol- og bioenergisenter.

Solcellepanel